Bruk av mekaniske tvangsmidlar i psykiatrien

Bruk av tvang og restriksjonar mot dei som er innlagde i psykiatriske sjukehus er ofte naudsynt. Som regel gjeld dette pasientar som er i ein vanskeleg situasjon der god rettstryggleik er særskilt viktig. Helsedirektoratet har i desember 2016 sendt ut eit brev med presiseringar av reglane for bruk av mekaniske tvangsmidlar (beltelegging) i psykiatrien.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.01.2017

Helsedirektoratet presiserer at tvangsmidlar bare kan bli brukt som siste utveg for å hindre ein pasient å skade seg sjølv eller andre, eller hindre stor skade på materielle verdiar. Mindre inngripande tiltak skal vere forsøkt og klart framstå som nyttelause.

Mellom anna går det fram at mekaniske tvangsmidlar ikkje kan bli brukt etter ei utagering er over eller for å handtere uro og truslar før ei tenkjeleg utagering. Helsedirektoratet omtalar og dokumentasjonskrava og kontrollkommisjonane sine oppgåver.

Fylkesmannen i Rogaland vil som tilsynsmyndigheit følgje med på at Helsedirektoratet sine presiseringar blir etterlevd.

Brevet frå Helsedirektoratet finner du i høgremenyen.  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.