Kurs - Tverrfagleg samarbeid i ly eller lys av teieplikta?

Haugalandsløftet inviterer i samarbeid med fleire andre instansar fagpersonar som arbeider med barn og unge til gratis kurs om teieplikt.

Tema for kurset er: Tverrfagleg samarbeid i lys eller ly av teieplikta? og føredragshaldar er advokat Rikke Lassen.

Kurset arrangerast i eit samarbeid med Haugalandsløftet, KOrUs Vest (Stavanger og Bergen), Fylkesmannen i Rogaland og Helse Fonna.

Mål med kurset er å auke kjennskap til lovar som regulerar teieplikt, meldeplikt og plikt til å gje opplysningar samt å skape større tryggleik kring når og korleis ein skal melde bekymring for barn og unge.  

Målgruppe: tilsette i barnevern, helsestasjonstenesta, PPT, barnehagar, skolar, familievern, TSB, BUP, DPS og andre som inngår i tverrfaglege samarbeid der teieplikta kan oppfattast som ei utfordring.

Finn skjema for påmelding under Kurs og konferansar!

Tid: 9. april 2013

Stad: Storsalen i Tysværtunet

Frist for påmelding er 20. mars.

Kontaktpersonar

Dokument