Tilsyn med psykisk helsevern i Helse Vest

Fylkesmennene har ført tilsyn med tenester til personar med psykisk liding og mogeleg samtidig rusliding ved allmennpsykiatriske poliklinikkar våren 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.06.2017

Tilsyn med Distriktspsykiatriske sentra, allmennpsykiatriske poliklinikkar er del av det landsomfattande tilsynet med spesialisthelsetenester i 2017 og 2018. Tilsynet vart utført av eit tilsynslag med medarbeidarar frå embeta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Psykologspesialist med særskilt kompetanse på fagområdet deltok i gjennomføringa. I tillegg var for første gong ein person med brukarerfaring med på tilsyn.

Det vart ført tilsyn med eìn allmennpsykiatrisk poliklinikk i kvart av helseføretaka på vestlandet. Ved tre av fire tilsyn fann vi brot på krav til styring og kvalitetsforbetring av tenestene i poliklinikken.

Ved kvar poliklinikk varierer det om og korleis pasientane sine rusmiddelproblem blir kartlagt, utgreidde og diagnostiserte, og om dei får tilbod om behandling for både psykisk liding og samtidig rusliding. Variasjonen i praksis utgjer ein risiko for pasienttryggleiken ved at behov for helsehjelp ikkje vert identifiserte og følgde opp.

Du kan lese heile oppsummeringa av tilsynet her.

Rapportane frå kvart tilsyn er tilgjengelege på helsetilsynet.no/no/Tilsyn/Tilsynsrapporter/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar