Nye rutinar når det gjeld helse- og omsorgstenestelova kap 9 og a-meldingar

Kommunane skal berre senda inn meldingar om skadeavverjande tiltak i nødssituasjonar med heimel i § 9-5 tredje ledd bokstav a som omfattar alvorleg sjølvskading, skade på andre personar eller omfattande materiell øydelegging som ein må stansa «der og då», og som det ikkje er godkjend vedtak på. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.01.2016

Omsorgstiltak etter lovføresegna i § 9-5 tredje ledd bokstav  c som det ikkje er gyldig vedtak på, skal det ikkje sendast einskildmeldingar på. Desse skal no journalførast fram til gyldig overprøvd vedtak ligg føre.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar