Ny søknadsfrist for tilskottsordninga “Kompetansetiltak innan psykisk helse- og rusarbeid” kapittel 765 post 61

Fylkesmannen i Rogaland har restmidlar på kr 118 904,- til fordeling. Søknadsfrist er 15. oktober 2015.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.09.2015

Tilskottet gjeld berre for 2015, og da haustsemesteret allereie har starta, vil målgruppa for dei som kan søke i første omgang vere dei som allereie er i gong med studiar og ikkje har søkt / kome inn under ordninga.

Målgruppa arbeidsgivar kan søke tilskott for er:

Tilsette i helse og omsorgstenesta i kommunen, medrekna medarbeidarar med brukarerfaring og erfaringskonsulentar. Tilsette i andre kommunale-, fylkeskommunale etatar som kjem i kontakt med brukarar av dei kommunale helse- og omsorgs tenestene som har psykiske lidingar og/eller rusproblem og deira pårørande. (f.eks. NAV, barnevern, barnehagar og skolar).

Det kan søkast tilskott til:

·       Lønnskompensasjon (lønnstilskott) for tilsette som tek vidareutdanning ved universitet og høgskular innan psykisk helse- og rusproblematikk, eller annan type vidareutdanning på tilsvarande nivå som er relevant for psykisk helse og rusfeltet. Vidareutdanninga må tilsvare minimum 30 studiepoeng.

·       Unnataksvis kan ein få innvilga tilskott til reisekostnadar (reisetilskott) i samanheng med utdanning nemnt ovanfor.

·       Lønnstilskott til fagskule vidareutdanning som er relevant for psykisk helse- og rusarbeid. 

·       Fagleg rettleiing.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.