Søknad om å bli med i kontrollkommisjonane for psykisk helsevern

Du må levere ein søknad for å bli oppnemnd til ein kontrollkommisjon. Her finn du opplysningar om kva Statsforvaltaren treng.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.03.2019

Søknaden skal ha følgjande innhald:

  • kvifor du ønskjer å bli med i kontrollkommisjonane
  • eventuelt ønskje om kva for kommisjonar som er mest aktuelle for deg
  • opplysning om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
  • CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring
  • namn på to personar Statsforvaltaren kan kontakte (referansar)

Søknaden sender du til Statsforvaltaren i Rogaland (kontaktinformasjon). Statsforvaltaren vil kalle inn alle aktuelle kandidatar til ein samtale (intervju).

Etter dette vil Statsforvaltaren setje opp ei liste. Statsforvaltaren oppnemner fortløpande medlemmer og varamedlemmer frå denne lista etter kvart som det blir ledige plassar i kommisjonane.

Habilitet

Frå «Rundskriv for fylkesmennene vedrørende oppnevning av medlemmer til kontrollkommisjonene i det psykiske helsevernet» IS-5/2014:

«Etter psykisk helsevernloven § 6-2 tredje ledd kan ingen oppnevnes som medlem av en kontrollkommisjon som skal føre kontroll med en del av det psykiske helsevern som vedkommende har ansvar for i sin vanlige stilling. Medlemmet bør heller ikke være ansatt i det psykiske helsevernet for øvrig.»

Godtgjering

Lenkje til informasjon om godtgjering ligg i høgremenyen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.