Leve heile livet - kvalitetsreform for eldre

Kommunal planlegging og samfunnsplanlegging vert eit sentralt verkemiddel i gjennomføringa av reforma. Kommunane er inviterte til dialog om reformarbeidet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.05.2019

Kommunane i Rogaland er inviterte til dialogmøte om Leve hele livet reforma i oktober 2019. Det regionale støtteapparatet, som er eit samarbeid med KS og USHTane i fylket, arrangerer fem dialogmøte. Sjå vedlagt program og møteplan. 

Målgruppe for dialogmøta er politisk og administrativ leiing i kommunane, tilsette og representantar som tek vare på innbyggjar-, brukar- og pårørandeperspektivet.

Meld. St. 15 (2017-2018) Leve hele livet - En kvalitetsreform for eldre er ei kvalitetsreform med personar over 65 år som målgruppe. Reformperioden strekkjer seg over fem år, er delt i fire fasar, og vi er i gang med første fase. Reforma legg opp til at eldre skal få brukt ressursane sine og dekka behova sine i dei ulike fasane av alderdommen. Det handlar om å skape eit meir aldersvenleg samfunn der eldre kan få leve gode liv og ta del i fellesskapet.

Leve heile livet har fem innsatsområde og 25 konkrete og utprøvde løysingar på område der det ofte sviktar i tilbodet til eldre i dag. Løysingane byggjer på kva eldre, pårørande, tilsette, frivillige, forskarar og leiarar meiner fungerer i praksis. Det vert lagt opp til ein prosess der kommunestyra handsamar og gjer vedtak om korleis løysingane kan tilpassast lokale forhold og verte gjennomført i samarbeid med andre tenesteområde, frivillig sektor og andre aktørar i lokalsamfunnet. Ein ventar også at prioriterte løysingar og tiltak vert innarbeidd i kommunens handlingsplan/økonomiplan. Meir informasjon finn de på Helsedirektoratet si nettside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.