Kommunalt kompetanse og innovasjonstilskott

Tilskottet skal stimulere kommunane til kompetanseutvikling og innovasjon for å møte framtidas utfordringar på helse og omsorgsfeltet med bærekraftige og gode tiltak og tenester. 

Det er mogeleg å søkje om :

  • Tilskott til kompetansehevande tiltak ( Kompetanseløftet 2020) i heile den kommunale helse og omsorgstenesta. Som ei overgansgordning kan studentar som har påbegynt tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge i 2014/15 søkje om lønnstilskott.
  • Opplæringstilskott til BPA
  • Innovasjon

Arbeidet med søknaden må samordnast på tvers av tenesteområda og det skal kun sendes ein samla søknad frå kvar kommune.

Søknadsfristen er 18. april 2016.

Rapportering

Fyll ut Excel-skjemaet og Word-skjemaet som du finn under Dokument og send det som vedlegg på e-post til fmropost@fylkesmannen.no innan 14. mars 2017.