Ny oppgåve for den kommunale omsorgstenesta

Personar med særleg tyngande omsorgsarbeid har nå rett på pårørandestøtte i form av eit vedtak om opplæring og rettleiing frå kommunen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.10.2017

Den 1. oktober 2017 vart helse- og omsorgstenestelova endra, og fekk ein eigen paragraf om kommunane sitt ansvar overfor pårørande. Dette er § 3-6. Stortinget har vedtatt at omgrepet «omsorgslønn» skal erstattast av «omsorgsstønad» for å vere meir i tråd med det som er innretninga på ein slik stønad. Samstundes vert det presisert at omlegginga ikkje endrar dagens ordning, og at stønaden framleis vil vere skattepliktig og gi opptening av pensjonspoeng.

Det at omlegginga til «omsorgsstønad» ikkje endrar dagens ordning, betyr at dette ikkje vert ein stønad som einskiltpersonar får rett til dersom dei fyller bestemte kriterium. Frå førearbeida til lovendringa: «Det anføres at en rettighetsfesting av nærmere bestemte kommunale helse- og omsorgstjenester vil vanskeliggjøre adgangen for kommunen til å innrette sitt tjenestetilbud ut fra lokale forutsetninger, ressurser og behov, og dermed mulighetene til å legge til rette for et tilbud tilpasset den enkelte.» Vidare: «Hva som er nødvendig og forsvarlig i det enkelte tilfellet må vurderes konkret med utgangspunkt i faglige vurderinger og andre momenter som er relevante når en rettslig standard fastlegges. Kommunen står således ikke helt fritt.»

Den viktige endringa som kom inn i lova den 1. oktober er at pårørandestøtte i form av opplæring og rettleiing skal vere ei pliktmessig oppgåve for kommunane, og ikkje berre del av den alminnelege rettleiingsplikten i forvaltningslova . Kommunane si plikt til å ha opplæring og rettleiing som teneste står i same paragraf som avlastningstiltak og omsorgsstønad.

Skriftleg vedtak

Familiemedlemmar og andre med særleg tyngande omsorgsarbeid kan kontakte kommunen og be om opplæring og rettleiing i omsorgsoppgåvene. Kommunen skal svare med eit skriftleg vedtak der dei informerer om kva opplæring og rettleiing den einskilde skal få.

Dei som får avslag, eller ikkje er fornøgd med innhaldet i vedtaket, kan klage på avgjerda. Klagefristen er fire veker frå ein fekk vedtaket, og klagen skal sendast til kommunen. Dersom kommunen ikkje gir klagar medhald, skal kommunen sende klagesaka til Fylkesmannen som klageorgan.

Pårørandestøtte i form av opplæring og rettleiing

Kommunen må gå i dialog med den eller dei pårørande, og i det enkelte tilfelle konkret vurdere kva rettleiinga og opplæringa skal omfatte.

Ei rekke rettleiings- og opplæringstiltak kan vere aktuelle. Det kan vere opplæring og rettleiing knytta til sjukdom eller funksjonshemming, til dømes kva ein demensdiagnose medfører. Vidare kan det vere opplæring i bestemte arbeidsoppgåver, som stresshandtering eller korleis ein utfører tunge løft.

Ved vurdering av pårørande sine behov for opplæring og rettleiing er to forhold sentrale. 

  • Om opplærings- eller rettleiingstiltak gjer dei pårørande betre i stand til å ivareta pasienten eller brukaren på ein forsvarleg måte, og
  • Om opplæring og/eller rettleiing gjer dei pårørande betre i stand til å ivareta omsorgsoppgåvene og rolla som pårørande, samtidig som dei ivaretar eiga helse og eigen livssituasjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.