Kvalifiseringsprogrammet

Regjeringa fremja 09.11.18 eit lovforslag for Stortinget om mellom anna endringar i sosialtenestelova knytt til kvalifiseringsprogrammet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.11.2018

Dei viktigaste forslaga til endringar i kvalifiseringsprogrammet er:

  • Å endre den nedre aldersgrensa for deltaking i kvalifiseringsprogrammet frå 19 til 18 år.  
  • Å endre reglane om varigheit, slik at deltakaren kan få kvalifiseringsprogram så lenge han oppfyller inngangsvilkåra, men likevel ikkje lenger enn to år. Det vert også foreslått at kommunen ved særlege grunnar kan forlenge programmet med inntil eit år (seks månader etter gjeldande rett), og at det ikkje er formelle avgrensingar i antall program. 
  • Å utvide høve til å gjennomføre utdanning, opplæring og læretid i kvalifiseringsprogrammet.
  • Å utvide høve til å gi permisjon frå program, til dømes i samband med arbeid eller fødsel.

Proposisjonen skal gjennom ytterlegare behandling i Stortinget, og ein tek sikte på at lovendringane vert gjeldande frå 01.01.19.

Du finn proposisjonen her Prop. 12 L (2018–2019) - regjeringen.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar