Endringar i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet

Endringane i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet tredde i kraft frå 1. januar 2019 og gjeld inngangsvilkår, varigheit og innhald i kvalifiseringsprogrammet. Endringane i rundskrivet til sosialtenestelova er no publisert.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.02.2019

Kort om dei viktigaste endringane i kvalifiseringsprogrammet (KVP):

  • Den nedre aldersgrensa for deltaking i KVP endrast frå 19 til 18 år.
  • Avgrensing i varigheit er endra, slik at program vert gjevne så lenge deltakaren fyller inngangsvilkåra, men likevel ikkje lenger enn to år. Unntaksvis kan programmet forlengast med inntil eitt år når særlege grunnar tilseier det.
  • Det er ikkje lenger avgrensingar for kor mange gonger ein person kan delta i KVP, så lenge inngangsvilkåra er oppfylt.
  • Det er ikkje lenger avgrensingar i kor mange gonger ein person kan takast inn att i eit mellombels avbrote KVP-program.
  • Det er høve til fråvær utan kvalifiseringsstønad, slik at det vert gjeve meir rom for fleksibilitet med omsyn til mellom anna arbeidsutprøving, omsorg for barn og gjennomføring av kortare fengselsstraff.
  • Høve til å gjennomføre utdanning, opplæring og læretid innanfor KVP er utvida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.