Vurdering av lovleg opphald for EØS-borgarar – endring av praksis

Når ein EØS-borgar søkjer om tenester etter sosialtenestelova skal Nav-kontoret frå 2. februar 2018 vurdere om borgaren har lovleg opphald i Norge.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.03.2018

Ein EØS-borgar må ha både lovleg opphald og fast bupel for å ha rett til individuelle tenester etter sosialtenestelova. Tidlegare skulle Nav-kontoret berre vurdere om søkjaren hadde fast bupel. Ei endring i rundskrivet til sosialtenestelova punkt 1.2.2.8 medfører at Nav-kontoret på sjølvstendig grunnlag også skal vurdere om søkjaren har dokumentert lovleg opphald på søknadstidspunktet. Ein EØS-borgar kan veksle mellom ulike opphaldsgrunnlag utan at opphaldsretten nødvendigvis fell bort. Sjølv om Nav-kontoret i ei konkret sak kjem fram til at søkjaren ikkje har lovleg opphald i Noreg, har kontoret ikkje mynde til å vise borgaren bort frå landet.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeida ein rettleiar for Nav-kontoret ved vurdering av lovleg opphald for EØS-borgarar ved søknad om tenester etter sosialtenestelova og arbeidsretta oppfølging og tiltak etter arbeidsmarknadslova.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.