Sosiale tenester i NAV

Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting, og meininga er at den som søkjer hjelp, skal bli i stand til å hjelpe seg sjølv etter kvart. Søknader om sosialhjelp skal sendast til Nav-kontoret i kommunen.

Dersom du søkjer om sosialhjelp, må du først ha utnytta moglegheitene dine til å sørgje for deg sjølv, eller du må ha utnytta dei økonomiske rettane dine, for eksempel trygderettane. Hovudansvaret for sosialtenesta ligg i kommunane, og det er Nav-kontora som tek hand om kommunens oppgåver på dette området. Det finst rettleiande retningslinjer for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men kommunane har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.

Fylkesmannens oppgåver

Dersom du søkjer om sosialhjelp og får avslag frå Nav, kan du klage på vedtaket. Du sender då klaga til Nav, som sender henne vidare til Fylkesmannen.

Fylkesmannen har eit tilsynsansvar som gir rett og plikt til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene sine etter kapittel 4 i lov om sosiale tenester i Nav. Kapittel 4 regulerer dei individuelle tenestene i lova, blant anna økonomisk stønad.

Gjeldsrådgiving

Kommunen skal tilby innbyggjarane sine økonomisk rådgiving eller gjeldsrådgiving. Denne rådgivingstenesta er ofte lagd til det lokale Nav-kontoret, og tenesta blir gitt i tråd med lov om sosiale tenester. Fylkesmannens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar blant anna å gi opplærings- og kurstilbod til kommunens tilsette.

Vis meir


10.06.2020

Uttalelse fra Sivilombudsmannen

  Saken gjelder Fylkesmannens kompetanse i klagesaker om rett til kvalifiseringsprogram etter sosialtjenesteloven.

09.06.2020

Svikt i ettervern og samarbeid mellom barnevernet og NAV- oppsummering av landsomfattende tilsyn i 2019

I 2019 ble det gjennomført landsomfattende tilsyn med ettervern og samarbeid mellom barnevernet og Nav som tema. Oppsummering av funnene viser lovbrudd i to av tre tilsyn på landbasis. 

04.06.2020

Faglig anbefaling om gjenåpning av NAV-kontorene i kommunene

Av smittevernhensyn besluttet flere kommuner i mars å helt eller delvis stenge NAV-kontoret for fysisk oppmøte uten avtale. Nå anbefaler Arbeids- og velferdsdirektoratet at kontorene åpnes igjen.

29.05.2020

Ny mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova

Forskrifta gjeld når aktivitet ikkje kan gjennomførast som planlagd på grunn av koronasituasjonen. 

27.05.2020

Boligsosialt arbeid i partnerskap- studietilbud

Vitenskapelige høgskole (VID) i Oslo tilbyr et emne om boligsosialt arbeid i partnerskap. Søknadsfristen er 21. juni.

02.04.2020

Moglegheit for å sende sikker melding til Nav om sosiale tenester frå 2.april

Det finst chatløsning og chatbot, men dette er tenester kor Nav berre svarer på generelle spørsmål. Brukarar av sosiale tenester får no moglegheit til å kome i kontakt med NAV via dialogalternativet «Skriv til oss». 

16.03.2020

Sosiale tjenester- konsekvenser av pandemi

Arbeids- og velferdsdirektoratet gjennomfører kontinuerlig vurderinger av konsekvenser for de sosiale tjenestene i NAV-kontorene som følge av pandemisituasjonen. 

20.02.2020

Gjer deg kjend med dei siste lovtolkingane til sosialtenestelova

Arbeids- og velferdsdirektoratet er delegert myndigheit frå Arbeids- og sosialdepartementet til å tolke regelverket i sosialtenestelova. 

19.12.2019

Rettleiande satsar for økonomisk stønad til livsopphald for 2020 – Rundskriv A-2/19

Arbeids- og sosialdepartementet har prisjustert satsane i staten sine rettleiande satsar for sosialstønad. Auken er 1,9 prosent samanlikna med satsane for 2019 og tilsvarer anslaget for forventa vekst i konsumprisane i nasjonalbudsjettet for 2020.

02.12.2019

Rundskrivet om deling av ansvar mellom Kriminalomsorgen og Nav om sosiale tenester til innsatte i fengsel mv gjeld ikkje lenger.

Rundskriv I-11/2000 hadde som formål å fjerne tvil om kva for ein etat som skal dekke ulike type utgifter og hindre dobbeltbehandling.

Fleire nyhende