LIS1 og turnusteneste for fysioterapeutar

Turnusteneste inneber at fysioterapeutar gjennomfører ei pålagd praksistid etter avslutta utdanning. For legar er det komme eit nytt utdanningsløp som erstattar den gamle turnusordninga.

I 2017 starta avviklinga av den norske turnustenesta for legar, og samstundes begynte overgangen til ei heilt ny spesialistutdanning. Den nye spesialistutdanninga er tredelt. Lege i spesialisering del 1 (LIS1) er den første delen av spesialiseringsløpet, og er felles for alle legar. LIS1 erstattar i praksis turnustenesta for legar. LIS1 blir etterfølgt av LIS2 og LIS3. Sistnemnde er spesialiseringa til dei ulike legespesialistane.

LIS1 omfattar, til liks med turnusteneste, tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta. Legar som var tilsette eller hadde fått tilbod om turnusstilling før 1. mars 2017 er dei siste som gjennomfører turnusteneste etter gammal ordning. Dei har høve til å gjennomføre og få godkjent turnus etter den gamle ordninga fram til 1. mars 2019.

Ledige LIS1-stillingar blir lyste ut vår og haust via stillingsportalen til Helsedirektoratet.

Turnusplassar for fysioterapeutar

Personar som har avslutta bachelorutdanning i fysioterapi, må gjennomføre eitt års fastlagt praktisk teneste (turnusteneste) for å få autorisasjon som fysioterapeut. Fylkesmannen i kvart enkelt fylke godkjenner turnusplassar for fysioterapeutar på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Fylkesmannen i Troms, Hordaland og Oslo og Akershus har hovudansvaret for å skaffe nok turnusplassar i sin region (Nord-Noreg, Vestlandet og Austlandet). 

Kurs hos Fylkesmannen

Fylkesmannen tilbyr grupperettleiing og kurs for legar i spesialisering og turnusfysioterapeutar.

Vi tilbyr:

  • Kurs i offentleg helsearbeid
  • Kurs i legevaktsmedisin for legar i spesialisering, del 1 (LIS1)
  • Grupperettleiing av LIS1-legar i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar som skal ha ansvar for LIS1-legar i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar for turnusfysioterapeutar

Fylkesmannen refunderer reiseutgifter du har hatt i samband med kurs og rettleiing. 

Vis meir


22.05.2018

Kurs og veiledning høsten 2018

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. september 2018? Her kan du melde deg på kurs for turnuslegar i Rogaland.

 


18.01.2018

Kurs for turnuslegar vår 2018

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. mars 2018? Her kan du melde deg på kurs for turnuslegar i Rogaland.


31.01.2017

Turnuslegar våren 2017

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. mars 2017? Her kan du melde deg på kurs for turnuslegar i Rogaland.


11.08.2016

Dokumenter til turnuskurs

Dokumenter fra turnuskursene og veiledningsamlinger