Oppfølging av valdsutsette barn ved krisesentra

Krisesentra har lovpålagd meldeplikt til barnevernet, men i fleire tilfelle melder dei ikkje

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.04.2013

Sentio Researh har på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet utarbeidd ein rapport som mellom anna omfattar individstatistikk om bebuarar og dagbrukarar som har nytta seg av krisesentertilboda i 2011.

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen har i brev 17.09.2012 til kommunane, fylkesmennene og kommunesektorens interesse og arbeidsgivarorganisasjon, uttrykt bekymring for at krisesentra ikkje melder frå til barnevernet i fleire tilfelle. Tilsette har ei lovpålagd meldeplikt til barnevernet. Kommunen har ansvar for krisesentertilbodet. Kommunen må følgje opp dei tilsette og andre som utfører tenester på vegne av sentra, slik at dei er merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.