Reaksjonar mot 26 helsepersonell i Rogaland

Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland
Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland

I 2018 fekk 26 helsepersonell i Rogaland ein reaksjon frå Statens helsetilsyn. 15 av desse mista autorisasjonen og 11 fekk åtvaring.

Alle desse sakene starta hos Fylkesmannen i Rogaland, og blei sendt over frå oss til Statens helsetilsyn for vurdering av reaksjon etter lov om helsepersonell kapittel 11.

Av dei 15 som mista autorisasjonen var fem legar, fire sjukepleiarar, to hjelpepleiarar, ein omsorgsarbeidar, ein helsefagarbeidar, ein fysioterapeut og ein tannhelsesekretær. Det var fleire årsaker til dette, mellom anna tjuveri frå pasientar, misbruk av rusmidler, seksuelt forhold til pasient, uforsvarleg føreskriving av vanedannande legemiddel og grov mangel på fagleg innsikt.

To av legane som mista autorisasjonen fekk seinare dette gjort om til at dei fekk innskrenka autorisasjon.

Av dei 11 som fekk åtvaring var fire legar (ein av desse legane fekk fire åtvaringar i 2018), fem sjukepleiarar, ein hjelpepleiar og ein helsefagarbeidar. Årsakene til dette var mellom anna «journalsnoking», brot på teieplikta, uforsvarleg føreskriving av vanedannande legemiddel og grenseoverskridande åtferd.

I 2017  mista åtte helsepersonell autorisasjonen i Rogaland, sju fekk åtvaring og to fekk innskrenka autorisasjonen.

Under «Lenkjer» finn du Statens helsetilsyn sin oversikt over reaksjonar mot helsepersonell for heile landet.