Kompetanseløft 2020 – ny rapport om oppgåver og tiltak for budsjettåret 2017

Kompetanseløft 2020 er regjeringa si satsing for å styrkje rekruttering, fag- og kompetanseutvikling i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Ein ny rapport gir oversikt over meir enn 50  tiltak i 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.04.2017

Tiltaka femner mellom anna ulike tilskot som kommunane kan søkje om, større faglege utgreiingar med framlegg til utprøvingar av korleis helsetenesta kan organiserast framover i primærhelseteam og oppfølgingsteam, og å vurdere om dagens vidareutdanningar for sjukepleiarar er i tråd med kva helse- og omsorgstenesta treng for framtida. Sentrale tiltak skal bidra til å styrkje leiarkompetansen i tenestene og omtalar m.a. nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta nærare. Rapporten med oversikt over tiltaka kan lastast ned her:  https://helsedirektoratet.no/kompetanseloft-2020.

På denne sida kan ein klikke seg vidare inn i dei ulike tiltaka i rapporten.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.