Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Klagerett på Fylkesmannen sine vedtak


Dersom du har fått avslag på søknad om dispensasjon frå helsekrava eller fått ein dispensasjon som har vilkår eller avgrensing som du vil klage på, kan du sende klage til Fylkesmannen i Rogaland.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 31.10.2008

Fylkesmannen i Rogaland skal ta stilling til klagen. Dersom det kommer fram nye opplysninger som kan endre utfallet av saka eller feil i sakshandsaminga kan Fylkesmannen endre vedtaket. Opplysninger som kan vere viktige i ei klagesak: 

  • Arbeidsoppgåver og beredskapsoppgåver
  • Plan for utreise (kor ofte og kor lenge)
  • Skiftordning
  • Diagnose, behandling og prognose
  • Risikovurdering
  • Kompenserande tiltak
  • Uttale frå spesialist
  • Uttale frå operatøren si helseteneste
  • Uttale frå arbeidsgjevar/oppdragsgjevar 

Dersom Fylkesmannen ikkje kan endre vedtaket slik klagaren ønskjer, sender Fylkesmannen saka til Klagenemnda. Klagenemnda vil overprøve Fylkesmannen sitt vedtak. Informasjon om Klagenemnda finner du i menyen til høgre.