Søknad om dispensasjon frå helsekrava

Det er petroleumslegen som skal sende søknad om dispensasjon. 

Publisert 26.01.2011, Sist endra 06.10.2021

Dispensasjonsordninga

Dersom du har ein sjukdom eller tilstand som kan vere ein risiko for tryggleiken offshore, vil du ikkje kunne reise offshore utan eit vedtak frå Statforvaltaren i Rogaland. I vedtaket går det fram om helsekravet er oppfylt eller om dispensasjon er gitt med tidsavgrensning og eventuelle vilkår som gjeld. Vi kan gje dispensasjon frå helsekrava dersom det fins særlege grunnar og omsynet til tryggleiken ikkje talar i mot. Dersom du ønskjer dispensasjon, skal du vende deg til den petroleumslegen som har undersøkt deg. Petroleumslegen vil då gjere vidare undersøkingar og sender deretter saka over til oss.

Vi trenger opplysningar om:

  • arbeidsoppgåver og beredskapsoppgåver
  • plan for utreise (kor ofte og kor lenge)
  • namn på innretninga (viss mogleg)
  • skiftordning
  • diagnose med utgreiing om korleis sjukdomen har innverknad på funksjonsnivået
  • risikovurdering

Risikovurdering

Petroleumslegen må utrede risikoen tilstanden fører med seg ved arbeid offshore.

Med risiko meiner vi i denne samanheng kombinasjonen av sannsynet for at noe skal hende i framtida og konsekvensen dersom hendinga oppstår, samt den uvisse som er knytt til desse faktorane. Dette betyr at dersom det er stor uvisse, blir vurderinga at risikoen er høg.

Kva et sannsynet for at tilstanden vil kunne skapa problem?

Her må vi tenkje både på helikoptertransporten, nattarbeid, lange arbeidsøkter, farlege oppgåver (som kranløft, varmt arbeid, kjemikaliar etc.), faresituasjonar (ulukkar, brann, ekstremver, evakuering), fysiske tilhøve, (tronge rom, høgder, støy, etc.) og psykososiale tilhøve på offshoreinnretninga.

Kva er konsekvensen av tilstanden?

Vil du klare deg utan medisin i ein naudsituasjon? Kan det vere at du ikkje kan utføre oppgåvene dine på forsvarleg vis? Vil du kunne trenge legetilsyn? Må du bli sendt til land? Legen må her og ta høgde for kva du sjølv eller helsetenesta på innretninga kan og vil yte.

Kva søknaden kan innehalde i tillegg:

  • uttale frå operatørens helseteneste
  • uttale frå arbeidsgjevar/oppdragsgjevar
  • uttale frå linjeleiinga

Slike uttale kan vere av verdi for vår vurdering av søknaden om dispensasjon.

Vår handsaming av dispensasjonssøknader

Det vil normalt gå 3-6 veker før du får svar. I periodar med stor pågang, kan det ta opp til 12 veker før du får svar.

Vi vurderer om det er sikkerheitsmessig forvarleg å gi dispensasjon ut frå innhaldet i dei innsende dokumenta. Vi har høg terskel for å gi dispensasjon for sikkerheitskritisk arbeid og beredskap. Vi skriver avgjerda vår i eit vedtak som vi sender til deg direkte, med kopi til petroleumslegen. Vedtaket vil ofte ha vilkår som du må følgje for at dispensasjonen skal vere gyldig. Petroleumslegen kan skrive ut helseerklæring med desse vilkåra. Dersom du får avslag eller ikkje er nøgd med vilkår eller det øvrige innhaldet i vedtaket, kan du klage. Lenkje til klageordninga finnner du i menyen til høgre.