Rettleiar til helsekrav i petroleumsverksemda

Helsedirektoratet har gitt ei rettleiing til forskrift om helsekrav til personar i arbeid på innretningar i petroleumsverksemda til havs.

Vi har tidligare publisert nyhende om ei ny forskrift som tok til å gjelde 1.1.2011, og overgangsreglane for ordninga med petroleumslegar. Helsedirektoratet har no kome med ei utfyllande rettleiing til denne forskrifta. Rettleiinga (IS-1879) er publisert og vil bli oppdatert på nettstaden til Helsedirektoratet.

Råd og rettleiingar som Fylkesmannen i Rogaland har gitt før 1.1.2011 knytt til gamalt regelverk, er ikkje lenger gjeldande dersom dei er i motstrid med Helsedirektoratets rettleiing.

Kontaktpersonar