Skjema til bruk ved helsesertifisering av offshorearbeidarar.

Helsedirektoratet har i 2012 fastsett skjema for eigenerklæring, legeundersøking, erklæring om ikkje oppfylte helsekrav og helseerklæring for personar i arbeid i petroleumsverksemda på innretningar til havs. Helseerklæringa er revidert i april 2017. Lenkje til side for nedlasting av skjema finner du til høgre.

Publisert 23.01.2012

Revisjonen av helseerklæringa inneber at petroleumslegen frå no må skrve datoen for når petroleumslegegodkjenninga går ut.

Alle skjema er elektroniske i pdf-format. Etter du har lasta ned det skjemaet du trenger, kan du fylle det ut på datamaskinen i et gratisprogram som heiter Adobe Reader. Dersom du brukar dette programmet, må du vere merksam på at det ikkje tillet lagring av endringar (redigering). Det utfylte skjemaet må du difor prente ut og signere på vanleg måte. Elektronisk lagring av utfylte skjema må eventuelt skje gjennom anna programvare.

Om gamle skjema

Vi gjer operatørane og andre ansvarlege merksam på at det fortsett vil vere ein god del gamle helseerklæringar i sirkulasjon. Det vil ta lang tid før endringa kan bli impementert i legane sine elektroniske system. Fylkesmannen tilrår at helseerklæringar på gamle skjema inntil vidare blir aksepterte på lik linje med nye skjema.

Om mangelfulle helseerklæringar

Noen helseerklæringar har manglande, utydeleg eller feil utfylling av felt på skjemaet. Dersom slike detaljar mangler, må kontrolløren bruke sitt beste skjønn og vurdere om er forsvarleg å godta helseerklæringa likevel. Noen gonger er utfyllinga så mangelfull at ei skjønnsmessig vurdering tilseier at helseerklæringa ikkje kan bli godtatt. Vi tilrår at den som kontrollerer helseerklæringa har låg terskel for å kontakte den legen som har utstedt helseerklæringa for å oppklare saka, dersom det er behov for det.