Helsekrav for offshoredykkarar

Fylkesmannen i Rogaland forvalter helsekrava for offshoredykking. Vi informerer her om ordninga.

Yrkesdykking innaskjers

Innaskjers dykking er regulert av Forskrift om dykking gitt av Direktoratet for arbeidstilsynet. Helsekrava for innaskjers dykking blir forvalta av ved Statens dykkerskole - Høgskolen i Bergen.

Yrkesdykking utaskjers (offshore)

Helsekrava for dykking utaskjers (offshore) er regulert i Forskrift om helsekrav for personer i arbeid på innretninger i petroleumsvirksomheten til havs gitt av Helsedirektoratet. Det går fram av forskrifta at Helsedirektoratet fastset særskilte helsekrav til dykkarar i tillegg til dei generelle krava til personar i petroleumsverksemda. Helsekrava framgår av rettleiar IS-1879. Sjå lenka i menyen til høgre.

Dykkarar som har "Helseerklæring for dykking på den norske kontinentalsokkel" eller tilsvarande britisk eller nederlandsk helseerklæring, treng ikkje vanleg offshore helseerklæring i tillegg når dei skal reise offshore for å delta i dykkeoperasjonar. 

Klage og overprøving

Fylkesmannen i Rogaland har fått som oppgåve å overprøve dykkarlegens avgjerd om å gi helseerklæring for avgrensa tidsrom eller erklæring om ikkje oppfylte helsekrav. Dykkaren skal fremme ei slik sak for dykkarlegen. Dykkarlegen skal då gjere dei undersøkingar som saka gir grunn til, og sende ho med utfyllande opplysningar til Fylkesmannen i Rogaland.

Fylkesmannen vurderer om helsekrava er oppfylt eller ikkje:

1) Ved oppfylte helsekrav kan dykkarlegen utstede vanleg helseerklæring
2) Ved ikkje oppfylte helsekrav blir det vurdert om dykkaren kan få dispensasjon frå helsekrava.
Fylkesmannen kan stille vilkår for dispensasjonen.

Fylkesmannen i Rogaland sitt vedtak kan klages inn til klagenemnda.