Britiske og nederlandske helseerklæringar

Offshorearbeidarar frå utlandet kan frå 6. desember 2012 bruke britiske og nederlandske helseerklæringar når dei skal arbeide offshore i Noreg.

Avgjerda gjelder bruken av Oil and Gas UK og NOGEPA medical certificate i staden for norsk offshore helseerklæring både i maritime operasjonar (sjøfart) og i petroleumsverksemda til havs.

Kva tydar dette i praksis?

Offshorearbeidarar med gyldig britisk eller nederlandsk helseerklæring (medical certificate) kan no arbeide i norsk sektor utan norsk helseerklæring. Offshorearbeidarar i utlandet kan gå til Oil and Gas UK eller NOGEPA sine legar og få eit Oil and Gas UK eller NOGEPA medical certificate, sjølv om dei berre skal til norsk sektor.

Eksemplar på korleis disse ser ut, finner du i lenkjelista. Utforming og farger kan variere noe, med tillegg av stempel og logoar. Helseerklæringane skal vere frå legar som er registrert hos Oil and Gas UK eller NOGEPA.

Dersom helseerklæringa er påført restriksjonar, gjelder disse i Norge. Merk at Oil and Gas UK og NOGEPA medical certificate med restriksjonar som nemner bestemte flyttbare innretningar og fartøy framleis kan nyttes når innretninga eller fartøyet er i norsk sektor.

Kvar finn eg Oil and Gas UK og NOGEPA sitt godkjente legar?

Lenkjer til Oil and Gas UK og NOGEPA sine heimesider finn du i lenkjelista.

Viktig å tenkje på

Dersom du reiser offshore med eit utanlandsk medical certificate, gjeld dei same reglane som for personar med norske helseerklæringar. Dei ansvarlege operatør- og driftsselskapa gjer kontrollar i samsvar med vanleg praksis og reglane i helsekravforskrifta. Dette inneber at du kan bli nekta å reise offshore dersom operatøren trur at du ikkje oppfyller krava til helse.

Vi har meldt frå om dette til bransjeforeiningane Norsk Olje og Gass og Rederiforbundet, Oil and Gas UK og NOGEPA, samt alle norske heliportar.

Nærmare omtale av avgjerda

Fylkesmannen i Rogaland har med heimel i helsekravforskrifta § 20 avgjort at følgjande helseerklæringar frå 06.12.2012 er akseptert på linje med norske helseerklæringar for petroleumsverksemda til havs:

  • Offshore Medical Certificate in accordance with Oil and Gas UK Medical Guidelines
  • Personal Safety Logbook: V. Medical Examinations Nederlandse Olie en Gas Exploratie en Productie Associatie (NOGEPA) Guidance for Offshore Medical Examinations

Kan eg bruke den norske offshoreattesten i britisk sektor?

Fylkesmannen har ikkje oppdaterte opplysningar om bruken av norske offshoreattestar rundt om i verda. Du kan finne informasjon om bruken av norske offshoreattestar i britisk sektor nedst på Oil & Gas UK si heimeside.