Helseerklæring

For å reise offshore må du ha ei gyldig helseerklæring (helseattest).

På denne sida finner du informasjon om helseerklæringar og petroleumslegane sitt arbeid. Det er ikkje fastsett pris på helseerklæringa. Prisen kan difor variere. 

Privatpersonar kan sende dokumenter til oss ved å bruke den raude knappen "send sikker melding". Hugs å velgje at meldinga skal til Fylkesmannen i Rogaland.

Petroleumslegen kan sende dispensasjonssøknader m.v på ein trygg måte ved å bruke den svarte knappen "send sikker melding (bedrift)". Hugs å velgje at meldinga skal til Fylkesmannen i Rogaland.

Vi vil som hovudregel svare innbyggjarane i Noreg via digital postkasse og legar og verksemder via Altinn.

 

Helsekrav for offshoredykkarar

Fylkesmannen i Rogaland forvalter helsekrava for offshoredykking. Vi informerer her om ordninga.

Når operatøren krevjar ny helseerklæring

Kva skjer dersom offshorehelsetenesta meiner ein person med gyldig helseerklæring ikkje har god nok helse til å arbeide offshore?

Rettleiar til helsekrav i petroleumsverksemda

Helsedirektoratet har gitt ei rettleiing til forskrift om helsekrav til personar i arbeid på innretningar i petroleumsverksemda til havs.

Tuberkulosekontroll i petroleumsverksemda

Det er gjort endringar i Forskrift om tuberkulosekontroll. Endringane trådde i kraft 1. mars 2009. Her følgjer retningslinjer for petroleumsverksemda.

Søknad om dispensasjon frå helsekrava

Det er petroleumslegen som skal sende søknad om dispensasjon. 

Klagerett på Fylkesmannen sine vedtak

Dersom du har fått avslag på søknad om dispensasjon frå helsekrava eller fått ein dispensasjon som har vilkår eller avgrensing som du vil klage på, kan du sende klage til Fylkesmannen i Rogaland.

Forskrift om helsekrav

Helsedirektoratet har laga ei ny forskrift om helsekrav for personar i arbeid på innretningar i petroleumsverksemda til havs. Forskrifta tok til å gjelde frå 1. januar 2011.

Skjema til bruk ved helsesertifisering av offshorearbeidarar.

Helsedirektoratet har i 2012 fastsett skjema for eigenerklæring, legeundersøking, erklæring om ikkje oppfylte helsekrav og helseerklæring for personar i arbeid i petroleumsverksemda på innretningar til havs. Helseerklæringa er revidert i april 2017. Lenkje til side for nedlasting av skjema finner du til høgre.

Oppfyller eg helsekrava for å arbeide offshore?

Svar: Dersom du er i tvil om helsekrava er oppfylte, må du ta kontakt med ein petroleumslege. Petroleumslegen vil undersøke personen på bakgrunn av rettleiar IS-1879 og avgjere om helsekrava er oppfylte.