Slik får du godkjenning som petroleumslege

Frå 1. januar 2014 skal legen ha godkjenning frå Statsforvaltaren i Rogaland for å kunne utstede helseerklæring for arbeid offshore. Det er bestemte krav som må vere oppfylte for at du kan få ei slik godkjenning.

Publisert 31.05.2012, Sist endra 06.10.2021

Det går fram av helsekravforskrifta at legar som skriver helseerklæring må ha godkjenning som petroleumslege. Dette er krava for å få godkjenning:

  1. Du må ha generell autorisasjon som lege. Dette betyr at legar som berre har lisens ikkje kan bli godkjent som petroleumslege.
  2. Du må ha delteke på eit kurs som er godkjent av Helsedirektoratet. Sjå i menyen til høgre.
  3. Du må ha bestått eksamen på kurset.

Søknad om godkjenning 

Etter at du har gjennomført kurs og bestått eksamen, kan du sende søknad om godkjenning med ein gong. Då skal du bruke det elektroniske søknadsskjemaet som du finner lenkje til på denne sida.

Etter søknaden er sendt elektronisk vil du motta ei standard tilbakemelding på e-post. Det vil deretter ta ca. 3 veker før du får svar frå Statsforvaltaren i Rogaland om du har fått godkjenning som petroleumslege. Du kan ikkje skrive helseerklæringer før du har motteke godkjenninga på e-post. 

Ved fornying av godkjenninga gjeld same krav og framgangsmåte for søknad som ved første godkjenning. Vi tilrår at du søkjer om fornying i god tid. Ny godkjenning vil då kunne tre i kraft ved utlaupet av forrige godkjenning.