Helseattest for eldre – aldersgrense hevet fra 75 til 80 år

Kravet om å levere helseattest er no endra frå 75 til 80 år. Endringa vart innført 19.06.19.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.06.2019

For å fortsette å kjøre etter fylte 80 år, må ein gå igjennom ei helseundersøking hos fastlækjar eller annan lækjar. Om helsekravene er oppfylt, vil lækjaren utstede ein helseattest med gyldigheit inntil 3 år.

Denne helseattesten må den som søkjer om fornying av førarkort levere personleg på ein av Statens Vegvesen sine trafikkstasjonar. Helseattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månadar når den vert levert. Statens Vegvesen vil utstede nytt førarkort med gyldigheit ut frå helseattesten.

Ved seinere fornyingar må same prosess med ny helseattest og nytt førarkort gjerast igjen. Fornying må skje før utløpsdato for å kunne ha uavbrutt førarrett.

Hugs at ingen må føre kjøretøy ved kortvarig sjukdom, helsesvekking eller om bruk av legemidler gjer at ein ikkje kan kjøre på ein trygg måte. Lækjaren har plikt til å melde frå til fylkesmannen om nokon over lengre tid (6 månadar eller meir) ikkje fyller helsekrava for førarkort.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.