Nye helsekrav til førarkort

Helsedirektoratet har varsla fylkesmennene om at nytt regelverk om helsekrav til førarkort trer i kraft frå 1. oktober 2016.

Fylkesmannen i Rogaland inviterer legane i fylket til kurs om dei nye helsekrava og om rolla til legen i førarkortsaker.

Ved endringa som tar til å gjelde 1. oktober vil legane få ei meir sentral rolle i førarkortsakene. Helsekrava vil bli meir i samsvar med dei grensene som fylkesmennene nå nyttar i dispensasjonssakene. Det inneber at regelverket for legane blir meir omfattande. Legane vil i større grad ta avgjerdene i desse sakene, og difor er det særs viktig at legane må forstå si rolle som sakkunnig.

Dei nye føresegnene stiller meir konkrete krav til fungerande helse for førarane og oppfølging i helsetenestene. 

Kontaktpersonar