Ingen menneskerett å ha førarkort

Det å kunne køyre bil gjer kvardagen enklare for mange, og det er stendig fleire som har førarkort, også eldre og folk som blir behandla for ulike lidingar. Samstundes har trafikken blitt meir komplisert og stiller større krav til reaksjonsevne og merksemd frå trafikantane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.09.2009

Alle som har førarkort har ei sjølvstendig plikt til å oppsøkje og seie frå dersom dei er i tvil om dei bør ha førarkort. Legar, psykologar og optikarar skal kjenne til helsekrava og har plikt til å melde frå til fylkesmannen om personar som ikkje fyller dei.
Alderdom, sjukdom og medikamentbruk er med på å påverke desse evnene, og dei fleste er nok samde i at det må setjast helsekrav til dei som skal ha førarkort. Desse reglane skal, saman med dei krava veg- og trafikkstyresmaktene stiller, gjere det tryggast mogleg for alle å ferdast i trafikken.
Sjølv om talet på meldingar til Fylkesmannen har stige, trur vi likevel at det framleis er mørketal her. Det ser vi mellom anna i andre saker vi behandlar, der legar og psykologar ikkje har meldt frå sjølv om personen ikkje fyller helsekrava. Det kan til dømes dreie seg om personar som bruker legemiddel som reduserer reaksjonsevna. Det kan og dreie seg om eldre med ulike sansetap som redusert syn eller demens.

Fylkesmannen kan gje dispensasjon
Fylkesmannen gjev råd til politiet om inndraging av førarkort når helsekrava ikkje er oppfylte. Vi gjev og dispensasjon til å ha førarkort, men stiller då som oftast særlege vilkår for at risikoen ikkje skal bli for stor.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.