Førarkort for seniorar

Frå 19. januar 2013 er det slutt på ordninga med ”liten” legeattest i tillegg til førarkort for dei over 70 år. Nye reglar krev at førarretten kjem frem av sjølve førarkortet. Krav om legeundersøking blir utsett frå 70 til fylte 75 år. Om du ønskar å halde fram med å køyre etter fylte 75 år, treng du legeundersøking med helseattest NA 0202, og nytt førarkort.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.01.2013

Etter fylte 75 år kreves helseattest og fornyelse av førerkortet. Fastlegen avgjør om helseattesten skal være gyldig for 1 - 3 år, avhengig av søkers helsetilstand

Dersom du vil køyre bil i tyngre førarkortklasser etter fylte 70 år, til dømes campingbil i klasse C1, må legen skrive ut helseattest NA 0202 (det vanlege store førarkortskjemaet) og du må få nytt førarkort på vegstasjonen.

Ingen må føra motorvogn ved forbigåande sjukdom eller helsesvekking, eller dersom bruk av medikament gjer at ein ikkje kan køyre på ein trygg måte. Legen har plikt til å melde frå til Fylkesmannen dersom du over lengre tid (meir enn 6 månader) ikkje fyller helsekrava. Dersom du ikkje fyller helsekrava og må søkje om dispensasjon for å køyre, er reglane som før.

Overgangsreglar

Har du ”liten” legeattest med utlaupsdato etter at du fyller eller har fylt 75 år, kan du etter 19. januar framleis bruka ditt gamle førarkort så lenge denne legeattesten er gyldig. Ønskar du å fortsette køyringa etter dette, må du få ny helseattest og nytt førarkort som nevnt ovanfor.

Legar: hugs nytt skjema!
Frå 19. januar 2013 må legane berre bruke nytt skjema for helseattest NA 0202 som blei innført våren 2012. Det gamle førarkortskjemaet blir ikkje lengre gyldig.

Meir informasjon finner du på www.vegvesen.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.