Førarkort

Alle som skal søkje om førarkort eller fornye førarkortet sitt, må fylle ut ei eigenerklæring om helse på trafikkstasjonen. Eigenerklæringa skal stadfeste at du er frisk nok til å køyre. Dersom du har ein sjukdom eller ein tilstand som kan verke inn på køyreevna, må du i tillegg få helseattest frå legen din. 

Dei som skal ha førarkort i gruppe 2 og 3 må alltid ha helseattest frå lege.

Dersom du er i tvil om du kan køyre trygt på grunn av helseproblem eller medisinbruk, har du plikt til å oppsøkje lege. Om ein lege, psykolog eller optikar meiner at helsekrava for å ha førarkort ikkje er oppfylte, skal han eller ho melde frå om det til Fylkesmannen dersom helsekrava ikkje vil vere oppfylte innan seks månader. Fylkesmannen informerer politiet dersom førarkortet bør tilbakekallast heilt eller delvis. Politiet har også mynde til å gje tilbake føreretten.

Dispensasjon

Dei nye helsekrava som tok til å gjelde frå oktober 2016 er tilpassa førarkortdirektivet i EU, der omsynet til trafikktryggleik veg tungt.

Dersom fastlegen (eller ein annan lege) konkluderer med at pasienten ikkje fyller helsekrava til førarkort, er det svært vanskeleg å få innvilga ein søknad om dispensasjon. Som ein overgangsordning fram til 30. september 2019 kan Fylkesmannen likevel fornye tidlegare dispensasjonar dersom søkjaren har tungtvegande behov for å få fornya førarkortet.

Klage

Dersom du har fått avslag på ein søknad om dispensasjon, kan du klage på vedtaket. Fylkesmannen vil da gå gjennom saka på nytt, og vurdere om det er grunnlag for å endre vedtaket. Dersom vi opprettheld vedtaket vårt, sender vi saka vidare til Helseklage for ny behandling.

Vis meir


20.06.2016

Nye helsekrav til førarkort

Helsedirektoratet har varsla fylkesmennene om at nytt regelverk om helsekrav til førarkort trer i kraft frå 1. oktober 2016.


04.01.2013

Førarkort for seniorar

Frå 19. januar 2013 er det slutt på ordninga med ”liten” legeattest i tillegg til førarkort for dei over 70 år. Nye reglar krev at førarretten kjem frem av sjølve førarkortet. Krav om legeundersøking blir utsett frå 70 til fylte 75 år. Om du ønskar å halde fram med å køyre etter fylte 75 år, treng du legeundersøking med helseattest NA 0202, og nytt førarkort.


21.11.2012

Når du har behov for dispensasjon frå helsekrav til førarkort

Dette skal du lever til Statens Vegvesen, trafikkstasjonen:

- Dispensasjonssøknad (skjema) og legeattest NA202. Legeattest NA 0202 får du av fastlege, og skal fylles ut av deg og fastlege.

- Vurdering frå fastlege/spesialist (sjå nærmare opplysningar nedafor)

P.g.a. saksmengda ved embetet kan saksbehandlingstida for førerkort/kjøreseddel bli 4 uker frå me har fått dokumentasjonen, men i perioder kan det væra inntil 10 ukers behandlingstid.

Telefontid tirsdag-torsdag, 13.00-14.00.


20.11.2012

Nye helseattestar ved søknad om førarkort, kjøyresetel og kompetansebevis

Det er utarbeidd nye attestar til bruk ved søknad om førarkort, kjøyresetel og kompetansebevis.


20.11.2012

Førarkortet gyldig til fylte 75 år

Førarkortet er gyldig til du fyller 75 år, utan supplerande helseattest. Den nye regelen gjeld med verknad frå 19. januar 2013.


16.09.2009

Ingen menneskerett å ha førarkort

Det å kunne køyre bil gjer kvardagen enklare for mange, og det er stendig fleire som har førarkort, også eldre og folk som blir behandla for ulike lidingar. Samstundes har trafikken blitt meir komplisert og stiller større krav til reaksjonsevne og merksemd frå trafikantane.