Statistikkbank og folkehelseprofilar på nett

Folkehelselova gjeld frå 1. januar 2012. Til hjelp i oppfølging av lova finn du no folkehelseprofil for kvar kommune og statistikkbank for alle kommunar på Folkehelseinstituttet si nettside.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.01.2012

Etter den nye lova skal alle kommunar ha oversikt over helsetilstand og faktorar som påverkar folkehelsa og legge dette til grunn i planarbeidet. Saman med lokal kunnskap vil statistikkbanken og folkehelseprofilen gi viktig grunnlag for kommunen sitt planarbeid.

Folkehelseprofilen på nettstaden til Fhi gir rapport for den einskilde kommune. Emna er valde ut frå kjende folkehelseutfordringar. Innhaldet i kvart temaområde viser tilgjengeleg statistikk på området. Innhaldet i kvart temaområde viser tilgjengeleg statistikk på kommunenivå.

Statistikkbanken på Fhi sine nettsider inneheld meir informasjon om kommunane og ut frå data kan ein lage eigne tabellar og framstillingar for sin kommune, eller samanlikne med landsgjennomsnitt eller andre kommunar.

Spørsmål om profilane kan rettast til kommunehelsa@fhi.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar