NM i skulelunsj

21.november lanserast NM i skulelunsj for landets 9.klassinger. Dette er ein nasjonal konkurranse kor elevane vil konkurrera om å lage landets beste lunsjoppleving.

Konkurransen er kopla til kompetansemåla i mat og helse, kunst og handtverk og fleire valfag, men det er ikkje eit krav at deltakinga er kopla til fag. Førstepremien på 100 000 kroner skal nyttast til noko som kjem heile skulen sitt etemiljø til gode.

Konkurransen er ein del av arbeidet med å implementere den nasjonale retningslinja for mat og måltid i skulen.

Skulemåltidet er viktig både for den fysiske helsa og det psykososiale skulemiljøet.

Saman med opplysningskontora i landbruket og Sjømatrådet inviterer Helsedirektoratet til dugnad for skulemåltidet. Målet er å skape engasjement for å gjere det enklare å ha sunne matvanar og felles måltid på ungdomsskulen, eit mål som også er i tråd med ny ungdomshelsestrategi 2016-21.

 

Kontaktperson: Prosjektleiar Hedda Refsum hedda.refsum@helsedirektoratet.no

 

Kontaktpersonar