"Kosthåndboken" - rettleiar i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstenesta

​"Kosthåndboken" vil styrka ernæringskompetansen i helse- og omsorgstenesta og vera eit verktøy for å implementera nasjonale faglege retningsliner om ernæring.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.07.2012

Helsedirektoratet sitt mål med ”Kosthåndboken” er å bidra til god kvalitet i ernæringsarbeidet i helse- og omsorgstenesta. Boka inneheld konkrete og detaljerte råd om samansetning av kost og kor mykje mat ulike pasientgrupper treng, og kor ofte dei bør eta. Boka tek og for seg lovverk, religiøse og kulturelle omsyn, og mattryggleik.

Boka byggjer på dei nasjonale faglege retningslinene for førebygging og behandling av underernæring og andre relevante nasjonale faglege retningsliner.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.