Viktige endringar i tobakkskadelova

To viktige endringar i tobakkskadelova frå 1. juli 2014: 

1. Skuleelevar skal ha tobakksfri skuletid i barne-, ungdoms- og vidaregåande skular.

2. Inngangsparti til alle helseinsitusjonar og offentlege verksemder skal vere røykfrie

 

Frå og med komande skuleår er det forbode å snuse eller røyke tobakk i skuletida, både på og utanfor skuleområdet. Med dette har også skuleelevar fått rett til eit tobakksfritt miljø, ein rett som til no berre arbeidstakarar har hatt, skriv Helsedirektoratet.

I den nye § 3 i tobakkskadelova heiter det no at "Tobakksbruk er forbudt i grunnskoler og videregående skolers lokaler og uteområder. Elever ved grunnskoler og videregående skoler skal være tobakksfrie i skoletiden."

Det er skuleeigar som er ansvarleg for at forbodet blir etterlevd, og i det daglege er det rektor som må følgje dette opp. Handheving av forbodet må inngå i internkontrollsystemet til skulen

Frå 1. juli i år skal også alle inngangsparti til helseinstitusjonar og offentlege verksemder vere røykfrie.

Det går fram av endringa i tobakkskadelova § 25:

«I lokaler og transportmidler hvor allmennheten har adgang skal lufta være røykfri. Det samme gjelder i møterom, arbeidslokaler og serveringslokaler. Utendørs inngangspartier til helseinstitusjoner og offentlige virksomheter skal være røykfrie.»

Forbodet gjeld ved alle offentlege verksemder og alle helseinstitusjonar, det vil sei at både statlege og private helseinstitusjonar er omfatta.

Finn meir informasjon om saka i dokumenta som ligg ved denne artikkelen på høgre side