Folkehelse

Folkehelsearbeid er samfunnets innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjar helse og trivsel i befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som vernar mot faktorar som trugar helsa. Folkehelsearbeid er også det å arbeide for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa. 

God folkehelse er eit felles ansvar

Førebyggjande og helsefremmande arbeid er viktig både i og utanfor helsesektoren. Folkehelselova gir fylkeskommunane og kommunane eit hovudansvar for det breie samfunnsretta folkehelsearbeidet.

Folkehelseomsyn i planarbeid

Fylkesmannen skal bidra til å gjennomføre statlege satsingar på folkehelseområdet. Folkehelsearbeidet skal sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, der planlegging er eit sentralt verkemiddel. Gjennom råd og rettleiing til kommunar og andre aktørar skal Fylkesmannen vere med på å sikre at folkehelse inngår i kommunale, regionale og statlege planar. Fylkesmannen skal bidra til forpliktande samhandling mellom aktørane.

Fylkesmannen kan dessutan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller pliktene sine på folkehelseområdet.

Vis meir


19.12.2018

Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for 2019

Tilskottet vil bli vidareført for 2019 også.

07.12.2018

Nytt om frisklivssentralar i Rogaland - Strand og Randaberg kommune har etablert frisklivssentral

I 2018 vart frisklivssentralar etablert i dei to nemnde kommunane. Her i Rogaland har nå 17 av våre 26 kommunar eit slikt førebyggjande helsetilbod til innbyggjarane sine.

09.03.2017

Presisering av vilkår for tilskot til kommunale frisklivssentralar

Fylkesmannen kan berre gi tilskot til same formål i tre år, og kommunen må lage plan for korleis dei vil overta og drive tiltaket vidare. Reglane for eigenbetaling følgjer av helse- og omsorgstenestelova, og eventuelle samarbeidspartnarar må følgje gjeldande retningslinjer for fagleg forsvarleg verksemd.

24.10.2016

NM i skulelunsj

21.november lanserast NM i skulelunsj for landets 9.klassinger. Dette er ein nasjonal konkurranse kor elevane vil konkurrera om å lage landets beste lunsjoppleving.

09.06.2015

Folkehelsemeldingen: mestring og muligheter

27. mars la regjeringa fram ny folkehelsemelding. Psykiske helse skal bli like viktig som fysisk helse i folkehelsearbeidet. Regjeringa vil utvikle ein folkehelsepolitikk som skapar mogelegheiter og fremjer meistring

16.10.2014

Den store sluttedagen 20. oktober!

Helsedirektoratet tilbyr 24-timars støtte til dei som prøver å slutte med røyk eller snus 20. oktober

25.07.2014

Ber kommunane gå gjennom beredskapsplanverket

Grunna auka trusselnivå i landet har Fylkesmannen fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å sjå til at kommunane i fylket går gjennom beredskapsplanane sine.

26.06.2014

Viktige endringar i tobakkskadelova

To viktige endringar i tobakkskadelova frå 1. juli 2014:  1. Skuleelevar skal ha tobakksfri skuletid i barne-, ungdoms- og vidaregåande skular. 2. Inngangsparti til alle helseinsitusjonar og offentlege verksemder skal vere røykfrie  

20.03.2014

Frisklivssentralar i Rogaland

Stadig fleire frisklivssentralar er nå i drift i Rogaland fylke.

20.03.2014

Tilskot oppfølging FRI-programmet

Tilskot til rekruttering og kompetansebygging. Søknadssfrist 30. april 2104.