Viktig informasjon: Fast kravfrist 1. mars

Fast frist for å krevje tilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkje er 1. mars. (Er 1. mars på ein laurdag, søndag eller annan heilagdag, er fristen fyrste følgjande kvardag.) Kravet må vere postlagt eller levert til Fylkesmannen seinast den dagen fristen spring ut. Rekommandert postsending blir tilrådd for trus- og livssynssamfunn som sender kravet i posten.

Kravfristen er endeleg. Dette betyr at trus- og livssynssamfunn som ikkje overheld fristen, vil få kravet sitt om statstilskot avvist. Blir kravet avvist, vil trus- eller livssynssamfunnet heller ikkje motta kommunale tilskot.

Kvart trus- eller livssynssamfunn bør innrette seg slik at sjukdom, reisefråvær personalendringar, dataproblem etc. ikkje hindrar det i å overhalde kravfristen. Medlemslista som skal leggjast ved kravet om tilskot, skal berre innehalde fødselsnummer for personar som tilhøyrde trus- eller livssynssamfunnet den 1. januar i det aktuelle tilskotsåret. Kravet om tilskot kan dermed sendast eller leverast til Fylkesmannen allereie i januar.

Kulturdepartementet sitt rundskriv V-002/19B, som blant anna gir informasjon om korleis trus- og livssynssamfunna skal krevje tilskot og om medlemslista som skal leggjast ved kravet, er permanent tilgjengeleg på Kulturdepartementets nettsider. Det same er kravskjemaet som blir trutt- og livssynssamfunna skal nytte.

Fylkesmannen kjem ikkje lenger til å vidaresende Kulturdepartementet sitt rundskriv og kravskjema og frå og med 2019 vil trus- og livssynssamfunna ikkje få tilsende nokon form for påminning om kravfristen i innleiinga av året.