Nytt tilleggsskjema for kommunalt tilskot til lokale menigheter/avdelingar i trus- og livssynssamfunn

Kulturdepartementet har endra tilleggsskjemaet for kommunalt tilskot til lokale menigheter/avdelingar i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkje ved at det er lagt inn eit felt for menigheter/avdelingane sitt organisasjonsnummer, sjå vedlegg.

Brønnøysundregistera vil f.o.m. i år kunne inkludere menighetene/avdelingane sine organisasjonsnummer i tilskotsoversiktene som blir sende til kommunane på hausten. Dette mogeleggjer at kommunane kan sende tilskotsbrev i digital post til menighetene/avdelingane.

Fristen for å krevje tilskot for 2018 gjekk ut 1. mars.

Tilleggsskjemaet inneheld ikkje personopplysningar og kan sendast i e-post til Fylkesmannen.

I år vil departementet opne for at det nye tilleggsskjemaet kan sendast til Fylkesmannen innan 8. mars, forutsett at trus- eller livssynssamfunnet har sendt inn kravskjema og medlemsliste innan 1. mars. Dersom eit trus- eller livssynssamfunn allereie har sendt inn eit tilleggsskjema med opplysningar om menighetene/avdelingane sine organisasjonsnummer og andre, påkravde opplysningar også er gitte i skjemaet, er det ikkje nødvendig at samfunnet fyller ut og sender inn det nye skjemaet.Fylkesmannen kan sende skjemaet som allereie er motteke, vidare til Brønnøysundregistrene.