Informasjon til vigslere om digital løysing for prøving av ekteskapsvilkår

I juni lanserer Skatteetaten ei ny, digital innloggingsteneste for prøving av ekteskapsvilkår. Det gjer at par som ønskjer å gifte seg, vil kunne logge seg inn via skatteetaten.no., invitere forlovar eller vitne til å gjere det same, og på kort tid få behandla si ekteskapsprøving digitalt.

Å søkje om prøving digitalt er mykje enklare for brudeparet, og Skatteetaten tilrår alle brudepar å
nytte den nye innloggingsløysinga. Vi ber med dette alle vigslere om å oppdatere den informasjon de deler internt og med komande brudepar om korleis prøving skjer.

Prosessen for prøving av ekteskapsvilkår vil i løpet av juni bli endra slik at:
Prøving av ekteskapsvilkår skjer digitalt. Komande brudepar og deira forlovar eller vitne kan fylle ut dei nødvendige erklæringane ved å logge seg inn på skatteetaten.no.Saksbehandlingstida blir raskare, og i mange tilfelle heilautomatisk. Prøvingsattesten kan lastast ned digitalt*. Prøvingsattesten du som vigslar får tilbake vil vere utan underskrift og stempel, fordi den er utstedt digitalt frå Folkeregisteret (* Gjeld alle ekteskap som blir inngåtte i Noreg etter norsk rett. Utanlandske bryllaup og bryllaup etter utanlandsk rett vil framleis krevje stempel og blir derfor sendt per brevpost)

Om endringa:
I dag må brudepar og vitne fylle ut papirskjema og sende dette med brevpost til skattekontoret.
Saka blir behandla manuelt, og prøvingsattest blir send tilbake til brudeparet med brevpost.
No blir heile prøvingsprosessen digitalisert, med digitale erklæringar, automatisert saksbehandling
og digital prøvingsattest som brudeparet kan laste ned via Altinn. Løysinga er enklare, raskare og
svært sikker.

Noreg får nytt Folkeregister i 2019. Den nye digitale tenesta for prøving av ekteskap inngår som
 ein av leveransane i dette moderniseringsarbeidet.

Oppdatering av vigslingsstyresmakta sin kommunikasjon ut:
Vedlagt finn de ein tekst til fri vidare bruk, med informasjon om prøving av ekteskap i ny løysing.
 Denne teksten er mynta på komande brudepar. Vi håper informasjonen kan kome til nytte i kommunikasjonen deira, og også blir publisert - som den er, eller tilpassa behovet deira - i dei relevante kanalane deira, på nett eller andre stader.