Trus- og livssynssamfunn

Fylkesmannen registrerer trus- og livssynssamfunn, behandlar krav om tilskot, godkjenner nye forstandarar og ser til at trus- og verksemda i livssynssamfunna er i samsvar med lover og forskrifter. Fylkesmannen er klageinstans for saker som gjeld kommunale tilskot til trus- og livssynssamfunn.

Den digitale løysinga "Trus- og livssynsamfunn" gir innsyn i opplysningar om livs- og trussamfunn som har søkt om statstilskot. Løysinga er ny, og blir teken i bruk i alle fylke i løpet av 2018.

Du får tilgang til den digitale løysinga ved å klikke på "Oversikt over trus- og livssynssamfunn" til høgre i skjermbiletet. Ved å klikke på det enkelte trussamfunnet får du tilgang til kontaktopplysningar, registreringsdato dersom det er registrert, namn på godkjende forstandarar, eventuell vigselsmynde, utbetalt statstilskot osv. Du får opp tilsvarande opplysningar ved å søkje på livssynssamfunna. Du kan også samanstille informasjon ved å bruke søkefelta.

Fristen for å setje fram krav om tilskot til trus- og livsssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er 1. mars.  

Har du spørsmål om trus- og livssynssamfunn, kan du vende deg til Fylkesmannen i fylket der trussamfunnet er registrert.

Vis meir


16.05.2018

Informasjon til vigslere om digital løysing for prøving av ekteskapsvilkår

I juni lanserer Skatteetaten ei ny, digital innloggingsteneste for prøving av ekteskapsvilkår. Det gjer at par som ønskjer å gifte seg, vil kunne logge seg inn via skatteetaten.no., invitere forlovar eller vitne til å gjere det same, og på kort tid få behandla si ekteskapsprøving digitalt.


19.01.2018

Utbetalte statstilskot til trus- og livssynssamfunn

sjå lenke: https://trussamfunn.fylkesmannen.no/tilskudd  


19.01.2018

Tilskot til trus- og livssynssamfunn

Vedlagt følgjer rundskriv frå Kulturdepartementet av 19.01.18 og kravskjema for tilskot til trus- og livssynssamfunn.


07.02.2018

Tilskot til private kyrkjebygg 2018

Søknad blir send til Kulturdepartementet - søknadsfrist:15. juni 2018, sjå lenke for søknadsskjema og utlysingstekst: her 

 


21.02.2018

Presentasjon frå Fylkesmannens årlege samling for prest/forstandar og styremedlemer i trussamfunn, som blei heldt 19. februar 2018.

Sjå vedlegg i høgremargen:


09.03.2018

Nytt tilleggsskjema for kommunalt tilskot til lokale menigheter/avdelingar i trus- og livssynssamfunn

Kulturdepartementet har endra tilleggsskjemaet for kommunalt tilskot til lokale menigheter/avdelingar i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkje ved at det er lagt inn eit felt for menigheter/avdelingane sitt organisasjonsnummer, sjå vedlegg.


18.11.2016

Årsrapport for trus- og livssynssamfunn i Rogaland, 2016

I 2016 var det 67 trussamfunn som søkte om statsstøtte frå Fylkesmannen i Rogaland, av disse fikk 5 samfunn avslag. Fylkesmannen utbetalte til saman kr 8 615 416 i statsstøtte for 2016.


11.01.2017

Tilskot til trus- og livssynssamfunn

Om tilskotsordninga, freistar og krav


24.01.2017

Tilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkje, for 2017.

Dette rundskrivet kjem istadenfor det årlege rundskrivet om tilskot til trus- og livssynsamfunn. Rundskrivet gjeld inntil anna blir bestemt.

Fristen for å krevje tilskot er 1. mars, det blir ikkje gjort unntak.


15.06.2017

Sats for beregning av statstilskudd til tros- og livssynssamfunn 2017.

Sjå lenke i høgremargen:


Fleire nyhende