Støtte til politiske parti

Politiske parti som er registrerte i partiregisteret, kan søkje om statstilskot. Det er Fylkesmannen som behandlar søknader frå kommune- og fylkespartia. Dette gjeld også ungdomsparti på fylkesnivå. Også felleslister som er samansette av to eller fleire registrerte politiske parti, kan søkje om tilskot.

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet nedanfor for å søkje om statstilskot. Du kan også søkje via brev.

Elektronisk søknadsskjema 

Meir informasjon finn du på nettstaden Partiportalen.

Vis meir

Partia vert oppmoda om å søkje tilskot innan 15. januar i året etter eit valår.

Søknaden må innehalde:

  • Namn på partiet
  • Postadresse og telefonnummer
  • Namn, postadresse og telefonnummer til leiaren for organisasjonen
  • Partiet sitt organisasjonsnummer i Partiregisteret/Enhetsregisteret, eventuelt også morpartiet sitt organisasjonsnummer

Søknad med korrekte registreringsdata er eit krav for å få betalt ut statleg partistøtte. Disse finn du i høgre kolonne på denne sida.

Søknad skal sendast:

Fylkesmannen i Rogaland

p.b. 59

4001 Stavanger