Velkommen til statsborgerseremoni 10. november 2013

Statsborgarseremonien søndag 10. november går føre seg i Statens hus. Hovudtalar denne gong er stortingsrepresentant  Olaug Bollestad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.10.2013

106 av dei som fekk norsk statsborgarskap i perioden mars 2013 t.o.m. 20.08.2013 har takka ja til invitasjonen om å delta på seremonien. Dei nye statsborgarane har fått høve til å ta med seg familie og vener, slik at det til saman er ca 360 påmelde.

Fylkesmannen har i tillegg invitert særskilte gjester, m.a. ordførarane i dei kommunane der dei nye statsborgarane bur og politimeistrane i distriktet.

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leiar den meir formelle delen av seremonien. På programmet står m.a. talar, musikkinnslag, felles avlegging av truskapsløfte og overrekking av ei praktbok om Noreg "Velkommen som ny statsborger". I tillegg til hovudtalar Olaug Bollestad , får vi ei helsing frå ordførar i Time, Reinert Kverneland og frå leiar av innvandrarrådet i Stavanger, Guri Tysse. Musikkinnslaga er det elevar frå musikklinja ved Stavanger Katedralskule som står føre. Seremonien blir avslutta med enkel servering og sosialt samvær.

Lenkje til program

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.