Over 600 feirar norsk statsborgarskap i Kuppelhallen

210 nye statsborgarar i lag med familie og venner er klare til fest i Stavanger konserthus, Kuppelhallen laurdag 6. juni. Heile 55 nasjonar er representerte på den høgtidelege statsborgarseremonien i år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.06.2015

Målet er å ønskja velkommen og markera at nye medlemmer blir tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig å delta.

Ein festdag

Det blir ein høgtideleg seremoni med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa er sjølvsagt til stades. Det blir helsingstalar ved Eigersund-ordførar Leif Erik Egaas, leiar av Stavanger innvandrerråd, Ryszard Kalinowskio og regiondirektør i IMDI vest, Kofi Amankwah. Hovudtalar i år er stortingsrepresentant Iselin Nybø.

19 kommunar representerte

Dei 210 nye, festklare statsborgarane kjem frå 55 ulike nasjonar, dei fleste frå Filippinene og Burma. Dei er busette i 19 kommunar i Rogaland. Og dei kjem ikkje åleine til Kuppelhallen. Med venner og familie blir det over 600 festdeltakarar i laurdag ettermiddag. Tidlegare har seremonien blitt arrangert i både rådhuset i Stavanger og Statens hus, men i år var det så mange inviterte at Kuppelhallen blir arena for aller første gong.

I alt gjekk invitasjonen ut til 1.200 personar som har blitt norske statsborgarar her i fylket det siste året - 210 av desse takka ja.

Du finn festprogrammet her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.