Heile 1 000 skal feira norsk statsborgarskap

Frå seremonien i Stavanger i 2017.
Aldri har fleire deltatt på ein statsborgarseremoni. 1 000 deltek under seremonien 16. juni i Stavanger. Her frå fjorårets arrangement (Foto: Ivar Langvik / Fylkesmannen i Rogaland)

348 nye statsborgarar i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 16. juni. Den høgtidelege statsborgarseremonien har aldri vore større.

Det er Fylkesmannen i Rogaland som arrangerer seremonien årleg. Me markerer at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig å delta.

Ein høgtideleg festdag

Det blir ei flott feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leiar seremonien. Det blir helsingstalar ved ordførar i Karmøy, Jarle Nilsen og Tarana Sadikhova, nestleiar i Stavanger innvandrerråd. Tre representantar frå Høyland ungdomsskole i Sandnes er årets hovudtalarar.

21 kommunar i Rogaland er representerte i år

Dei rundt 350 festklare statsborgarane bur i 21 kommunar i Rogaland. Dei kjem ikkje åleine til Kuppelhallen. Med venner og familie blir det rundt 1 000 festdeltakarar i Kuppelhallen. Dette er rekordmange.

Det er ikkje berre familie og venner som stiller på ein dag som dette. Ordførarane frå dei kommunane som har påmelde statsborgarar stiller også.

Tid/stad

Laurdag 16. juni 2018 kl. 12.30 i Kuppelhallen, Stavanger. Programstart: kl. 13.00.

Slik fordeler deltakarane seg på dei 21 kommunane

Kommune Deltakarar
Bjerkreim 2
Eigersund 10
Finnøy 2
Forsand 3
Gjesdal 7
Haugesund 15
Hjelmeland 3
10
Karmøy 24
Klepp 8
Lund 1
Randaberg 8
Rennesøy 3
Sandnes 73
Sauda 4
Sola 24
Stavanger 138
Strand 8
Time 5
Tysvær 9
Vindafjord 3

Kontaktpersonar