Fylkesmannen inviterer til statsborgarseremoni i juni

Laurdag 16. juni 2018 inviterer me til ny statsborgarseremoni i Kuppelhallen i Stavanger. Vinnaren av Benjaminprisen 2017 er årets hovudtalar. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.04.2018

30. januar fekk Høyland ungdomsskole i Sandnes tildelt prisen for skulen sitt langsiktige og systematiske arbeid mot rasisme og diskriminering. Satsinga er prega av ei nyskapande tilnærming som kombinerer integrering av minoritetselevar med haldningsskapande arbeid retta mot majoritetselevar. Tre representantar frå skulen er årets hovudtalarar.

Frivillig å delta

Dei som deltar på statsborgarseremoniane har alltid noko å gleda seg til. Målet med seremonien er å ønskja velkommen og markera at nye medlemmer blir tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig å delta.

Ein festdag

Det blir ein høgtideleg seremoni med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa er sjølvsagt til stades.

Frå heile fylket

1 660 nye statsborgarar frå heile Rogaland er inviterte til seremonien. Kor mange som deltar i år, er foreløpig usikkert.

Dei som kan delta har fått invitasjon i posten. Påmeldingsfristen er 7. mai. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.