Alkohollov

Dersom du ønskjer å selje eller skjenke alkohol, må du først søkje om sals- eller skjenkeløyve. Det er kommunen der alkoholen skal seljast eller skjenkast, som kan gi slike løyve. Fylkesmannen kan gi skjenkeløyve til skip som fungerer som kollektivt transportmiddel, og til cruiseskip.

Klagerett

Dersom du søkjer om sals- eller skjenkeløyve og får avslag frå kommunen, kan du klage til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan berre avgjere om innhaldet i vedtaket er lovleg, om det er gjort av rett forvaltingsorgan, og om det har blitt til på lovleg måte. Du sender klaga gjennom den kommunen som har gjort vedtaket om avslag.

Vis meir


24.10.2016

Presentasjonar frå nettverkssamling om ansvarlig alkoholhandtering

Vi takker for den store interessa for nettverkssamlinga om ansvarlig
alkoholhandtering torsdag 6. oktober. Presentasjonane frå samlinga finn du her.


10.11.2015

Presentasjonar frå nettverkssamling om ansvarlig alkoholhandtering

Vi takker for den store interessa for nettverkssamlinga om ansvarlig alkoholhandtering onsdag 4. november. Presentasjonane finn du lenger ned i artikkelen.


30.03.2015

Skjerpa beviskrav ved inndraging av skjenkeløyve

Fylkesmannen opphevar Stavanger kommune sitt vedtak om mellombels inndraging av skjenkeløyvet til 2. etasjen på utestaden Hall Toll. Bakgrunnen er strengare beviskrav for slike vedtak. I denne saka hadde ikkje kommunen gode nok bevis.


18.12.2014

Endringar i alkoholforskrifta

Helse- og omsorgsdepartementet vedtok 8. desember 2014 endringar i alkoholforskrifta.


03.02.2014

Alkoholkonferansen 28. januar 2014 - lysark

Her finn du innlegga frå alkoholnettverkskonferansen 28. januar 2014.


15.01.2014

Høyring - endringar i alkohollova

Fylkesmannen har gitt høyringsfråsegn til forslag til endringar i alkohollova.



Kontaktpersonar

Lenkjer