Søknad om godkjenning av utanlandsk skilsmisse

Fylkesmannen handsamar søknader om godkjenning av utanlandske skilsmisser og separasjonar. Dette er først og fremst aktuelt i samband med inngåing av nytt ekteskap. I slike tilfelle blir det kravt godkjenning frå Fylkesmannen for at folkeregistret skal kunne skrive ut prøvingsattest.

Hovudregelen er at ei skilsmisse eller ein separasjon som er gjeve i utlandet med bindande verknad der, er gyldig òg i Noreg, dersom den eine parten anten budde eller var statsborgar i det aktuelle landet.

Søknader om godkjenning av utanlandske skilsmisser og separasjonar blir gjeve høg prioritet hos Fylkesmannen. Dette gjeld særleg der godkjenning av skilsmisse er naudsynt for å inngå nytt ekteskap i Noreg. Rask avgjerd føreset likevel at naudsynt dokumentasjon kan leggjast fram.

Krav til dokumentasjon er som følgjer:

  • Originalt skilsmissedokument eller ein bekrefta kopi. Ubekrefta kopiar eller kopi av bekrefta kopi blir ikkje godteke. Det er eit ufråvikelig vilkår at avgjerda er endeleg/rettskraftig.
  • Skilsmissedokumentet må vere påført apostille eventuelt legalisering.
  • Skilsmissedokumentet må vere omsett til engelsk eller norsk av autorisert translatør.

Søknad om fritak for å legitimere skifte

Det vil vere naudsynt å søkja om fritak for å legitimere skifte dersom skilsmisseavgjerda er under to år. Skifte betyr deling av ektefellane si felles formue. Det vil likevel ikkje vere naudsynt å søkja om fritak for å legitimere skifte, dersom det kan leggas fram:

  • Dokumentasjon på at skifte er gjort eller
  • Fråsegn frå tidlegare ektefelle eller arvingar på at skifte er gjennomført, eller at det ikkje var noko å skite.