Mekling etter barnelova og ekteskapslova

Etter ekteskapslova §26 skal alle ektepar med felles barn under 16 år møte til mekling før sak om seperasjon og skilsmisse etter lovens §§ 20 og 22 blir teken opp til behandling av Fylkesmannen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.12.2012

Sambuarar med felles barn under 16 år skal også møte til mekling ved samlivsbrot.

Vidare er det pliktig mekling i dei høve partane ønskjer å endra eller gi tvangskraft til avtale om daglig omsorg, foreldreansvar eller samvær etter reglane i barnelova, eller ønskjer å bringe slik sak inn for domstolane til avgjerd. Mekling skal skje før saka blir brakt inn for retten til avgjerd.

Føremålet med meklinga er å få i stand ei avtale om barna vedrørande foreldreansvar, bustad og samvær. Meklinga skal ikkje vere eit forsøk på å forsone foreldra.

Det er anledning til å bruke opp til 7 timar for å få i stand ei slik avtale. Utgiftene til sjølve meklinga dekkjast av det offentlege. Partane kan fritt velje meklar blant dei oppnemnte meklarane i fylket, sjå oversyn på Bufetat sine nettsider. Dei må møte til mekling saman. Det er ikkje mulig å forhindre separasjon ved å unnlate å møte til mekling.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar