Vanleg søndagsopent i daglegvarebutikkar 16. mai

Kulturdepartementet stadfestar Fylkesmannens vedtak om å ikkje tillate NHO Handel sine medlemmer i dagligvarebransjen å halda butikkane opne andre pinsedag, som i år er 16. mai.
Dermed er det dei vanlege reglane for heilagdagar som gjeld 16. mai.

Kulturdepartementet har stadfesta Fylkesmannen i Østfold sitt avslag på søknad frå NHO Handel  om samtykke til å halda dagligvarebutikkane opne måndag 16. mai. Fylkesmannen i Rogaland har fatta  eit tilsvarande vedtak som òg er klaga inn for departementet.

NHO Handel har søkt alle fylkesmennene om dispensasjon frå påbodet om å halda stengt andre pinsedag, som i år er 16. mai. Søknadene blei avslått og sakene klaga inn for Kulturdepartementet.

Hovudregelen i heilagdagsfredlova er at butikkar skal halda stengt på heilagdagar. Butikkar som har fått unntak frå denne regelen kan halda opent andre pinsedag. Fylkesmannen kan gi dispensasjon frå påbodet når det er særlege grunnar til det. Grunnen angitt i søknaden frå NHO Handel er at andre pinsedag i år er dagen før 17. mai.

Kulturdepartementet legg vekt på at ein dispensasjon må gjelde likt over heile landet og for alle daglegvarebutikkar, og meiner lova ikkje gir heimel for ein så omfattande dispensasjon. Departementet vil gjere regelverksendringar som kan gi heimel for at alle daglegvarebutikkar kan halda opent i tilsvarande tilfelle i framtida.

Kontaktpersonar