Søndagsopne butikkar: - Ikkje behov for ei lovendring

I mars sende Kulturdepartementet ut eit høyringsforslag om endringar i helgedagslova som inneber ei generell opning for søndagsopne butikkar. Fylkesmannen i Rogaland meiner dagens reglar fungerer godt. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.06.2015

Ved særlege høve kan det i dag søkjast om å halda ope søndagar. Men talet på slike søknader er svært lågt. Det kan sjølvsagt ha fleire forklaringar, men det er nærliggjande å tru at næringsaktørane i Rogaland ikkje ser eit stort behov for å ha søndagsope utover dei rammene dagens lov fastset. 

Manglar konsekvensutgreiing

I vår kontakt med kommunane har me heller ikkje opplevd noko uttalt ønske om verken meir søndagsope eller endringar i lovverket, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa. 

- Vår erfaring er at dagens reglar fungerer godt og me ser derfor ikkje behov for ei lovendring. Me registrerer også at det ikkje er gjennomført konsekvensutgreiingar av forslaget. Etter vår vurdering hadde dette vore ønskeleg, ettersom endringane som er sende på høyring kan få stor betydning både regionalt og nasjonalt, seier fylkesmannen. 

Du finn høyringsfråsegna frå Fylkesmannen i Rogaland i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.