Opningstider for utsalsstader

Butikkar skal som hovudregel halde stengt på søndagar og heilagdagar. Fylkesmannen kan gi dispensasjon frå dette. Du søkjer om dispensasjon direkte til Fylkesmannen.

Når Fylkesmannen behandlar søknader om å halde ope på søndagar og heilagdagar, legg vi vekt på omsynet til arbeidstakarane. Du må derfor dokumentere at arbeidstakarane og arbeidsgivaren er samde om å halde ope på søndagar og heilagdagar. Fylkesmannen hentar inn fråsegner frå fleire partar, og du bør derfor sende søknad om dispensasjon ein til to månader før den aktuelle søndagen eller heilagdagen.

Fylkesmannen kan etter søknad frå kommunen avgjere at eit område skal reknast for typisk turiststad for heile eller delar av året. Då gjeld ikkje avgrensingane i opningstid i lov om heilagdagar og heilagdagsfred.

Vis meir


29.04.2016

Vanleg søndagsopent i daglegvarebutikkar 16. mai

Kulturdepartementet stadfestar Fylkesmannens vedtak om å ikkje tillate NHO Handel sine medlemmer i dagligvarebransjen å halda butikkane opne andre pinsedag, som i år er 16. mai.
Dermed er det dei vanlege reglane for heilagdagar som gjeld 16. mai.


22.06.2015

Søndagsopne butikkar: - Ikkje behov for ei lovendring

I mars sende Kulturdepartementet ut eit høyringsforslag om endringar i helgedagslova som inneber ei generell opning for søndagsopne butikkar. Fylkesmannen i Rogaland meiner dagens reglar fungerer godt. 



Kontaktpersonar